Kap. 6 DNA er arvestoffet i Bios 2 | Sammendrag

- Vgs - Studieforberedende Vg3
- Biologi 2
- Ingen karakter gitt
- 19
- 7933
Kap. 6 DNA er arvestoffet i Bios 2 | Sammendrag
Dette er et utfyllende sammendrag av kapittel 6 "DNA er arvestoffet" i læreboken "Bios 2" av Marianne Sletbakk. Sammendraget redegjør blant annet nukleinsyrer, kopiering av DNA, mitose og meiose og genregulering, og inkluderer både illustrasjoner og tabeller i redegjørelsen av kapittelet. Merk at oppgaven er skrevet på nynorsk.
Innhold
Nukleinsyrer er bygde opp av nukleotider
Kopiering av DNA – replikasjon
Kjernedeling – mitose og meiose
Frå DNA til RNA – transkripsjon
Frå mRNA til funksjonelle protein – translasjon
Genregulering
Utdrag
DNA er arvestoffet
DNA er ei forkorting for det engelske deoxyribonucleic acid, deoksyribonukleinsyre. Dette er ei organisk fosfatsambinding som reagerer som ei syre, og den finst i cellekjernen. Nukleinsyra RNA finst i cytoplasmaet i cellene, og det er ei forkorting av det engelske ordet ribonucleic acid. Det er to slags nukleinsyrer i levande organismar: DNA og RNA.
Dei fleste organismane har DNA som arvestoff. Berre enkelte grupper av virus har RNA som arve-stoff. Hos prokaryote organismar (celler utan cellekjerne), ligg det aller meste av DNA-et i eitt ring-forma kromosom. I tillegg har prokaryote celler mindre ringar av DNA som me kallar plasmid. Dei inneheld nokre få gen.
Eitt gen har informasjon om ein eigenskap, eitt protein. Genet inneheld informasjon om kva aminosyrer som skal til for å lage proteinet, og på kva måte det skal gjerast.
Hos eukaryote organismar (celler med cellekjerne), ligg det meste av DNA-et i cellekjernen. Det er fordelt på fleire lineære kromosom som ser ut som lange trådar. Arvestoffet i cellekjernane er beskytta mot skadar og nedbryting av ein dobbel kjernemembran. Hos eukaryote organismar varierer talet på kromosom frå art til art.
I tillegg har eukaryote celler små ringforma kromosom i mitokondriane, og dei finn me i kloro-plastar hos planter og algar. Desse kromosoma liknar meir på prokaryote enn på eukaryote kromosom. Dette fellestrekket tyder på at alle organismar stammar frå eit felles eincella opphav som ved evolusjon har utvikla seg til det mangfaldet av organismar som finst i dag.
Mitokondrie-DNA
Mitokondrie-DNA-et, mtDNA, arvar me berre frå mor. mtDNA-et i mitokondriane i sædcella og energien frå desse mitokondriane er viktige når sædcellene skal symje til eggcella. Når sædcella trengjer inn i eggcella, blir mtDNA-et frå sædcella ikkje med i det befrukta egget. Difor har du arva mtDNA berre frå mor di, og du har og arva evna til celleanding frå henne.
Gena i mitokondriane syter for å produsere ATP-ase-enzym og protein i elektrontransportkjeda til celleandinga. Defekte mtDNA-gen gir dårlegare celleanding. mtDNA styrer og dels produksjonen av mitokondriar i ei celle, sjølv om DNA-et i kjernen fungerer som ein ”overkontrollør”, så cella ikkje blir utan mitokondriar eller stappfull av desse.
Forenkla sagt, kan me seie at du har arva anlegga for kondisjonen din frå mor. Uthaldsidrettar gjer at cellene produserer fleire mitokondriar, og slik kan cellene i musklane auke celleandinga og energi-produksjonen.
Gen-undersøkingar viser og at det er ei kopling mellom gen på mtDNA og ein del tilfelle av diabetes og hjarte- og karsjukdommar... Kjøp tilgang for å lese mer Allerede medlem? Logg inn