Fengselet som sosialt system og institusjon

Oppgaven er kvalitetssikret av redaksjonen på Studienett.no

Fengselet som sosialt system og institusjon

Det her er en oppgave i Sosiologi og sosialantropologi vedrørende fengselet som sosialt system og institusjon. I oppgaven finner du en sammenligning av det norske fengselet generelt, og hvordan det kan settes på spissen i forhold til andre lands fengsel, i hovedsak det amerikanske.

Oppgaven er skrevet på nynorsk.

Elevens kommentar

Kildene kunne bli vist til oftere.

Utdrag

I denne oppgåva skal eg sjå på kjenneteikna til sosiale system og korleis fengsel er eit døme på dette. Teksten skal diskutere om dette er rett metode å rehabilitere straffedømte på, og om det finst andre måtar som vil fungere betre for dei innsette når dei seinare slepp ut. Samanliknast med USA, korleis ligg Noreg an?

Eit sosialt system, om dei er små eller store, består av menneske som samhandlar. Med andre ord eit system med eit sett av roller, som står gjensidig definert i forhold til kvarandre. (Sosial struktur, 2016) Men kva omhandlar eigentleg eit sosialt system? For å omtale noko som eit sosialt system krev ein at samhandlinga har eit visst mønster som blir følgt over tid, og det må vere føreseieleg. Samstundes, må samhandlingane ha eit eller anna føremål. Sosiale system har også ein form for struktur, som anten kan vere formell eller uformell. Sosiale system kan også bli delt inn i mikronivå og makronivå. Mikronivå er system som består av primær- og sekundærgrupper. Makronivå omfattar heile storsamfunnet, til dømes staten. Mellom desse finn vi mesonivå, og omtalt som mellomnivå. Dette inneber institusjonar som skular, universitet, rettsstell, og i denne teksten mest omtalt, fengsel. (Dalen & Eriksen, 2012, 64-69)

Læreboka ”Folk” beskriv fengselet i Noreg som eit sosialt system der målet er å få dei innsette til å bli lovlydige borgarar når dei skal ut i samfunnet igjen (Dalen & Eriksen, 2012, 66-67). Som nemnt over, er fengsel ein del av mesonivået eller også kalla mellomnivået. I fengsel, i Noreg, er maktfordelinga ein av dei største og merkverdige verdiane til denne typen institusjon. Øvst har vi staten, vidare kriminalomsorga, direktørane, fengselsbetjentane og aller sist dei innsette på maktstigen. Dette er makt- og rollefordelinga til kvart eit fengsel i Noreg, der det tydeleg kjem fram kven som bestemmer over kven og korleis posisjon dei har i forhold til kvarandre, dette kallar vi rolle. Ein kan også ordlegge dette som eit hierarki. Øvst i maktstigen er det mange forskjellige roller, der politikarane har ei av dei mest avgjerande rollene. Karita Bekkemellem seier til VG ”Ballen ligger hos politikerene som har ansvaret i dag.” når ho i ein artikkel tar føre seg velferdsordninga i fengsla, i Noreg (VG, 2011). Dette fortel blant anna kor mykje politikarane kan gjere med forholda dei innsette lev i, og mellom anna korleis dei skal sone dommen, anten ubetinga eller betinga.

Som nemnt tidlegare, er sosiale system prega av struktur anten formelt eller uformelt. I fengsel, er det eit nokså formelt system der alle som har utført ulovlege og straffbare handlingar i samfunnet, blir plassert. Etterfølgjande, kjem reglar, rutinar og føresetnadar som kvar einskild innsett må følgje. Dei innsette blir heile tida observert og det blir kartlagt eventuelle endringar i oppførsel og psykisk mentalitet og utviklinga hos lovbrytaren. I og med at kvardagen til den innsette no blir prega av denne strukturen, blir dette også levemåten til den straffedømde... Kjøp tilgang for å lese mer

Fengselet som sosialt system og institusjon

[0]
Ingen brukeranmeldelser ennå.