Eldrebølgen, finansiering og flyktningkrisen – velferdsstatens utfordringer

Oppgaven er kvalitetssikret av redaksjonen på Studienett.no
  • Vgs - Studiespesialisering Vg3
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Ingen karakter gitt
  • 8
  • 2522
  • PDF

Eldrebølgen, finansiering og flyktningkrisen – velferdsstatens utfordringer

Denne oppgaven i Sosiologi og sosialantropologi handler om velferdsstatens utfordringer. Utfordringene det redegjøres for i første del av oppgaven er eldrebølgen, finansiering, hovedsakelig innenfor petroleumsnæringen, og flyktningkrisen.

I oppgavens andre del drøftes ulike løsninger på utfordringene, og avsluttende oppsummeres teksten hovedpunkter.

Innhold

Velferdsstaten
Babyboom og eldrebølgja
Finansiering
Flyktningkrisa
Politiske løysingar:
Babyboom og eldrebølgja:
Finansiering
Flyktningkrisa
Konklusjon
Kjelde

Utdrag

Velferdsstaten
Ein velferdsstat er ein stat der målet er å organisere samfunnet slik at menneskerettane blir sikra på best mogleg måte. Ein generell definisjon av ein velferdsstat er: «Eit samfunnssystem der staten på ulike måtar grip inn i marknadene for å sikre velferda for innbyggjarane og skape større grad av sosial og økonomisk likskap enn det marknadane klarere aleine». Denne typen styringsform byr på diverse utfordringar og komplikasjonar. Eg skal gjennom denne teksten først greie ut om babyboom og eldrebølgja, deretter litt om finansielle utfordringar (hovudsakleg innanfor petroleumsnæringa), og til slutt flyktningkrisa. I den andre delen vil eg drøfte ulike løysingar på utfordringane, og avslutte det heile med en oppsummering av det viktigaste teksten inneheld.

Babyboom og eldrebølgja
Etter andre verdskrig begynte et nytt problem å utforme seg. Med tanke på framtida finnes det en utfordring som lurer i horisonten, babyboomen. Babyboomen som kom etter andre verdskrig byr no på problema ettersom de har vakse opp, tatt utdanning, jobba, og etter kvart pensjonere seg. Mesteparten av desse er over 80 år innan 2020 ifølge SSBs artikkel «Bare begrensa rom for standarvekst innan helse- og omsorgstenestene» (Kjelde 1, nedlasta 10.03.2017) Det er denne generasjonen som blir kalla «Eldrebølgja» i dag. I en av Noregs beste økonomiske oppsvingar var det desse som ledet an, og de pensjonsordningane som de satt opp hadde fungert bra på sin tid, med et par titals arbeidarar per pensjonist. I dag derimot er det talet berre ca. en tidel. I tillegg blir eldrebølga styrka av høgare levealder på grunn av blant anna betre tilbod av helsetenester. En slik auking i mengda alderspensjonistar med behov for pensjon, behandling og eventuelt pleie på sjukeheim, vil bli ein økonomisk og praktisk utfordring for velferdsstaten Norge (Kjelde 2, nedlasta 10.03.2017)

Finansiering
«Rome was not built in one day» er eit ordtak som passar godt med Noregs velferdsstat. Vi har ikkje alltid hatt den økonomiske og sosiale stabiliteten som i dag. Den begynte som en forsorgsstat, der de fattige levde på bøndenes velvilje på slutten av 1800-tallet, og der fattigdommen først blei sett på som et samfunnsskapt problem. Men etter kvart vart det en gradvis oppbyggyng av rettigheter, forsikringsordningar, og andre statlege plikter ovanfor borgerane.

Utviklinga fortsette fram til etter andre verdskrig, då vi fekk hjelp frå USA gjennom Marshallhjelpen, babyboom, og framgangen i norsk industri, og de svært store funna av olje på norsk sokkel. No gjekk vi frå å være et land i økonomisk ruin, til et land med svært stor økonomisk vekst. Overskotet fekk velferdsstaten vi er kjent med i dag feste, og vart utvikla vidare med blant anna felles trygdeordning og en sterk offentleg sektor. Sidan industrialiseringa førte til ein stigande forvirring av storfamilien, tok velferdsstaten over oppgåvene og blei til det vi ser i dag: Ein stat som er der for oss konstant, «frå vugge til grav».

Oljefunnet er den største grunnen for at Noreg er slik det er i dag. Noreg har blitt et av verdens rikaste land. Men olje er ein fossil energi- og inntektskjelde, og vi vil gå tom etter kvart. Spørsmålet er då kva vi skal gjere, og korleis skal vi handtere den finansielle utfordringa med eldrebølgja og flyktningkrisa?

Flyktningkrisa
Det har alltid vært vanleg at folk har flytta på seg, enten det er på leiting etter mat eller tryggleik. I dagens samfunn blir migrasjon meir og meir vanleg. Diverse faktorar som større reiseverksemd, internasjonalisering av utdanningssystemet, og auka internasjonal handel har ført til at ein mykje større del av befolkninga oppheld seg utanfor heimlandet sitt. Ein relativt vanleg måte å referere til årsakene til migrasjon på, er skyv-og-trekk-faktorar. Det vil seie å skilje mellom årsaksfaktorar i landet ein dreg frå, og årsaksfaktorar i landet ein dreg til. Skyvfaktorar er negative sider ved heimlandet, medan trekkfaktorar er positive forhold ved mottakarlandet... Kjøp tilgang for å lese mer

Eldrebølgen, finansiering og flyktningkrisen – velferdsstatens utfordringer

[0]
Ingen brukeranmeldelser ennå.

Brukere som har lastet ned Eldrebølgen, finansiering og flyktningkrisen – velferdsstatens utfordringer, har også lastet ned