Sosiale avvik i litteraturen

Oppgaven er kvalitetssikret av redaksjonen på Studienett.no
  • Vgs - Studiespesialisering Vg3
  • Norsk
  • 5
  • 4
  • 1706
  • PDF

Sosiale avvik i litteraturen

Oppgaven tar for seg tre bøker som har sosialt avvik som en del av tematikken. Disse er Steppeulven av Hermann Hesse, Glassklokken av Sylvia Plath og Kjellerdypet av Dostojevskij.

Utdrag

I denne teksten skal eg prøve å presentere nokre menneskelagnader i skjønnlitteratur. Det dei har til felles er at dei ikkje blir forstått, fell utanfor eller blir ståande aleine i nærmiljøet eller i samfunnet kring dei. Personar som dette er ikkje akkurat uvanleg i skjønnlitteraturen, og som regel skin det sterkt gjennom at skildringane er delvise sjølvportrett, trass i at boka er ein roman. Og det er jo klart; ein kan ikkje skildre ein lagnad utan personlege erfaringar. Og i alle fall ikkje på eit nivå som gjer verket udødeleg.

For meg personleg fins det ein bokkarakter som tronar som sjølve symbolet på det å vere einsam og utstøtt. Dette er Harry Haller, eller Steppeulven. Romanen Steppeulven er skrive av Herman Hesse. Hovudpersonen er ein mann på rundt femti, som bor i Tyskland i perioden etter den første verdskrigen. Han leigar rom hos ei snill dame, og sit stort sett inne hos seg sjølv og skriv eller les bøker, samstundes som han røyker sigarar og drikk vin. Han ser seg sjølv som framandgjort i verda, han verken kan eller vil samspele normalt med menneske. Samstundes søkjer han til ein viss grad kontakt, gong på gong, men er ikkje fortruleg med dei premissa som ligg til grunn for denne kontakten. Han eig ikkje spor av pragmatisme – han er lidenskapeleg og sta. Han er opplagt ein kunstnerisk, intellektuell og godsinna mann, men han er óg ein kompromisslaus åndssnobb. Han hatar alt som bér preg av popularisering og rein underhaldning. Han kjenner eg ikkje som eit menneske, men som ein einsam ulv (derav tittelen på boka).

---

Glassklokken er kjent for å ha sterke sjølvbiografiske trekk. Opphaldet i New York, avvisninga frå skrivekurset, sjølvmordsforsøket i kjellaren, innleggingane – alt dette fins óg i biografiske nedteikningar frå Plaths liv. Kva som er oppdikta av det gjenståande, kan ein berre spekulere i. Betraktningane av bipersonar i boka er likevel så krasse og subjektive at romanforma er kledeleg og heilt naudsynt. Og vi kan jo sjå for oss, hvis vi vil, at det går betre med Esther enn det gjekk med Sylvia. Romanen sluttar nemleg åpent og dels optimistisk – ho vert utskreven frå sjukehuset.

Den siste boka eg vil skrive om, handlar om det mest bokstavelege tilfellet av isolasjon av desse tre. Dette er Dostojevskijs kjellermenneske, frå Nedtegnelser fra et kjellerdyp. Ein mann som sit nede i eit kjellardjup og skriv, etter sigande for ingen andre enn han sjølv. Han skriv først om seg sjølv, som han ikkje beskriv i særleg positive vendingar. Denne mannen har så sære tankar og perspektiv... Kjøp tilgang for å lese mer

Sosiale avvik i litteraturen

[1]
Brukernes anmeldelser
  • 17.12.2012
    Skrevet av Elev på Vg3
    utrolig bra... gooood