Notater til kapittel 5, 7, 8 og 10 Terra Nova

5,5 5,5 5,5 5,5 5,5 5,5 (4 anmeldelser)
Oppgaven er kvalitetssikret av redaksjonen på Studienett.no

Skole

Vgs - Studiespesialisering Vg1

Fag

Geografi

Karakter

5

Antall sider

12

Antall ord

5767

Filformat

Word2007

Sammendrag: Notater til kapittel 5, 7, 8 og 10 Terra Nova

Notater til kapitlene 5 "Vær og klima", 7 "Ressursene", 8 "Lokalisering" og 10 "Befolkning" i geografiboka TerraNova.

Innhold
Ver og klima – kap 5
SVAR PÅ SPØRSMÅL kap 5
Kapittel 7 og 8
Kapittel 8
Kapittel 10 Befolkning

Utdrag
Ver og klima – kap 5

Skyer, nedbør og vind

Skyer
Det er dei skyene som er laga i troposfæren som nedbøren kjem frå. Det er fleire typar skyer, kor høgt oppe skyene er laga bestemmer kva type skyer det er. Skyene består av pittesmå vanndråpar eller ispartiklar eller ein blanding av begge delar.

Nedbør
All luft har fuktighet i form av vassdamp. Varm luft kan holde på meir fuktighet enn kald luft. Varm luft er lettare en kald luft. Når varm luft blir kondensert, har den blitt så kald at den ikkje klarar å holde på fuktigheten og det blir til vatn. Derfor kommer nedbør av at fuktige luftmassar blir avkjølte. Den varme lufta stiger, og då blir den fuktigheten kondensert med salt eller støvpartiklar sidan det er kaldare høgare oppe. Då blir det laga skyer. Når skya har blitt lagd, kræsjer vanndråpane med kvarandre og blir større dråpar. Dette detter ned som regn. Snøkrystallar blir laga av at små iskrystallar som trekker til seg vatn som fryser. Temperaturen nede med bakken bestemmer om det vil legge seg som snø eller smelte til regn.

Tre typar nedbør:
- Konvektiv nedbør: Sola varmar opp bakken, som varmar opp lufta. Når lufta blir varm stiger den opp mot den kalde lufta og då detter det ned regn som me kallar konvektiv nedbør. Denne typen nedbør kommer ofte som kraftige regnskol, byenedbør.
- Orografisk nedbør: Blir laga når skyer kommer med vinden og blir pressa opp forbi fjellene. Då kommer den opp i den kalde lufta ved fjelltoppane og det kjem nedbør. På andre sida synker skyene igjen og blir varma opp og det er mindre nedbør her. Me seier at denne sida ligg i regnskyggen.
- Frontnedbør: blir danna av at varm luft møter kald luft og den varme lufta stiger over den kalde. Då blir den varma lufta kald og det blir nedbør.

Kvifor blåser det?
Høgtrykk og lågtrykk har med kor høgt lufttrykket på jordflata er. Desse kan bli danna lokalt(små områder), regionalt(større områder) eller globalt(verden). Årstida bestemmer utviklinga av lågtrykk og høgtrykk.
Lågtrykk: blir danna der lufta stiger opp, då blir det eit underskot (mindre) luft ved jordoverflata. Gir regn og mildare temperaturar
Høgtrykk: Blir danna når luft synker ned mot bakken, då blir det eit overskudd(meir) på luft ved jordoverflata. Høgtrykk gir fint ver, sol og litt kaldare temperaturar.
Vindane som er på jorda kommer alltid fra eit område med høgt lufttrykk (høgtrykk) og blåser mot eit lågtrykk. Når jorda roterer (går rundt) blir vindane på den nordlige halvkula bøyd mot høyre. På den sørlige halvkula blir dei bøyd mot venstre.

Solgangsvind
Når sola varmar opp jordoverflata, varmer jordoverflata opp lufta som ligg over. Då stiger denne lufta opp. Då blir det danna eit lokalt lågtrykk over land. Oppe blir lufta avkjølt og blåser ut over sjøen igjen. Her blir lufta kaldare og tyngre, då detter den lufta ned og lagar eit lokalt høgtrykk over sjøen. Frå dette høgtrykket blåser det ein pålandsvind/solgangsvind inn mot land... [Les mer nå]