Befolkningsvekst i India

- Vgs - Studieforberedende Vg2
- Geografi
- 6
- 2
- 576
Befolkningsvekst i India
Artikkel om befolkningsutviklinga i India, demografisk analyse.
2011.
Utdrag
India er i dag det landet i verda med nest høgast befolkingstal, etter Kina. Landet har 1,22 milliardar innbyggjarar, og talet aukar. Ein regnar med at innan 2025 vil India passera Kina og bli verdas mest folkerike land. Dette sjølv om folketilveksten kun er ca. 1,5 prosent, men frå 1,22 milliardar, blir 1,5 prosent veldig mykje.
Fødselsraten i India er ca. 21,7 pr.1000 innbyggjarar, medan dødsraten er ca. 6,4 pr. 1000 innbyggjarar. Den naturlege tilveksten blir då 15,3 pr. 1000 innbyggjarar, altså 1,5 prosent.
India er i fase 3 i den demografiske overgangen, der dødsraten synk, men ikkje veldig raskt. Dette er fordi dei billigaste og mest verknadsfulle betringane i helse- og sosialforhold allereie er innførd. Fødselstala har og minka kraftig, frå perioden 1960-65 då det vart fødd frå 4,0-5,9 barn pr. mor, til 2009 då dei same tala er om lag 2,5. I denne fasen veks altså befolkninga fortsett, men ikkje like fort som i fase 2.
Det er fleire grunnar til at India i dag er i fase 3. Som tidligare nemnt, synk dødsraten, men ikkje veldig raskt. Dette er fordi dei billigste og mest verknadsfulle betringane i helse-og sosialforhold allereie er innførd. I fase 3, synk fødselstala kraftig, og dette kan det vera fleire grunnar til. Ein av grunnane er at befolkninga i India generelt har betre økonomi, og ein stor ungeflokk er derfor ikkje den einaste måten å sikre framtida på. I tillegg minkar spedbarnsdødelegheita, slik at ein kan vera tryggare på at barna veks opp, og ein har fått meir kunnskap om familieplanlegging.
Reduksjonen i fruktbarheit heng og saman med befolkningspolitikken i India, der staten har drive ein antinatalistisk politikk for å minske fødselstala og hindre befolkningsveksten... Kjøp tilgang for å lese mer Allerede medlem? Logg inn